Beskrivelse
Ingen stemmer til nå

Veganeset Camping

Veganeset Camping er ein familiedreven campingplass som ligg flott til rett ved Sognefjorden i Balestrand kommune ved fylkesveg 55 og riksveg 13 (nasjonal turistveg) nær Dragsvik Ferjekai, 9 km frå kommunesenteret Balestrand.

Campingplassen er delt opp i naturleg avgrensa områder, med plassar for bubilar, campingvogner og telt. Straumuttak for campingvogner og bubilar.

I vårt fellesanlegg kan vi tilby:

  • WC og dusj
  • Gratis fylling av vatn til campingvogner og bubilar
  • Tømming av toalett
  • Vaskemaskin og tørketrommel
  • Kjøkken
  • Trådlaust internett på heile området
  • Kiosk

Hytter

5 hytter med god standard, innlagt vatn, toalett og dusj samt 2 campinghytter utan vatn.

Hytte nr. 8: Den største av hyttene våre. 2 soverom med 2 senger i kvart rom. Kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap og kaffitraktar. TV. Bad med dusj, vask og WC.

Hytte nr. 7: 2 soverom med plass til 2 personar i kvart rom. NB! Sengene i dei to soveromma er 190 cm lange. Kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap og kaffitraktar. TV. Bad med dusj, vask og WC.

Hytte nr. 5: 1 soverom for 2 personar. Kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap og kaffitraktar. TV. Bad med dusj, vask og WC. Hytte nr. 5 og hytte nr. 2 er ganske like.

Hytte nr. 2: 1 soverom for 2 personar. Kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap og kaffitraktar. TV. Bad med dusj, vask og WC. Hytte nr. 5 og hytte nr. 2 er ganske like.

Hytte nr. 1: 1 soverom for 2 personar. Kjøkkenkrok med komfyr, kjøleskap og kaffitraktar. TV. Bad med dusj, vask og WC.

Hytte nr. 3 og 6: Desse to hyttene er retro-hytter utan innlagt vatn. Køysenger med plass til 4 personar. 2 kokeplater og kjøleskap.
Du må sjølv ha med sovepose eller sengklær, samt kjøkkenutstyr.

Veganeset Camping er eit godt utgangspunkt for dagsturar med bil langs dei nemnde vegane og har umiddelbar nærleik til turløyper på Dragsvik og i Balestrand.

Vi ønsker deg velkommen til Balestrand og Veganeset Camping!

Video
Kontaktopplysninger
Åpningstidstider
  • Åpent: 20.05-15.09
  • Fullservice-periode: 20.05-15.09
  • Høysesong: 20.06-20.08
  • Bobil/campingvogn: Kun sommersesong
  • Telt: Kun sommersesong
  • Hytte: Kun sommersesong
Klassifisering
Hytter: Campingplass:
Fakta
  • Campingvogn-plasser: 10
  • Bobilplasser: 10
  • Teltplasser: 5
  • Hytter: 7
  • Badrom tilpasset funksjonshemmede: 1
  • WC: 7
  • Dusjer: 5
  • Familierom: 1
  • Servanter med varmt vann: 14
Plassering