Beskrivelse
Ingen stemmer til nå

Sognhostel

Sognhostel tilbyr enkel og sosial overnatting med romslige fellesområder og praktiske løysinger for selvbetjent ferie.

Sognhostel vart etablert våren 2018. Tidlegare var bygget brukt som skule, barnehage og asylmottak. Etter det stod tomt ei stund var det på tide å få aktivitet i bygget igjen. Difor gjekk vi saman som familie for å starte oppatt drift. Vi ynskjer at hostellet skal være ein koseleg overnattingsplass for våre gjester heile året.

Romslige fellesområder gjer det lett å være fleire. 2 stover med TV og sofa. I det eine har me eit biljardbord og treningsutstyr. 2 felles kjøkken og 2 felles spisesalar. Dei er fullt utstyrt med alt du treng for å lage frukost, middag og kvelds. 2 dusjgarderobar og 3 enkeltdusjar. Du treng ikkje stå i kø om morgonen.

Utanfor har vi ein stor grill og langbord. Rett attmed ligg hundremeterskogen, leikehytte og sandkasse. Føler du deg aktiv har vi ei fotballbane og klatretau. Om veret blir ugreit har vi eit bordtennisbord, kortspel, brettspel og bøker.

Bobil

I løpet av september 2020 vil vi ha strømsøyler for 8 bobiler og tømmestasjon klar. Oppdatert informasjon kommer så snart det er klart.

Rom

Romma våre er ryddige og enkle. Dei fleste romma har skrivepult, klesoppheng og kjøleskap. Inkludert i prisen er reint sengetøy og handkle.

  • Singel: Eit rom heilt for deg sjølv.
  • Duo: Del køyeseng med ein ven.
  • Familie: Dobbelseng og duo køyeseng, 4 pers.
  • Sovesal: Køyeseng i sovesal frå 2 til 6 personar.

 

Velkommen til Sognhostel!

© Sognhostel
Video
Kontaktopplysninger
Åpningstidstider
  • Bobil/campingvogn: Hele året
  • Rom: Hele året
Klassifisering
Campingplass: Hytter:
Fakta
  • Bobilplasser: 8
  • Teltplasser: 10
  • Rom: 20
  • WC: 7
  • Dusjer: 3
  • Familierom: 2
Plassering