Beskrivelse
Ingen stemmer til nå

Myrkdalen camping

Myrkdalen camping er ein heilårs campingplass plassert i vakre omgjevnader i Myrkdalen. Her bur du godt, i hytter, campingvogn eller bubil. I sommarsesongen tilbyr me også teltplass. Den flotte naturen omkring byr på spanande utandørsaktivitetar i nærmiljøet.

Hytter

Gode, vinterisolerte hytter - 2 soverom: Hyttene har 2 soverom med ei dobbelseng og ei enkel køyseng på kvart rom. Kjøkkenet er velutstyrt med komfyr og oppvaskmaskin. Gode møblar å slappe av i etter ein lang dag ute. Terrasse på to sider slik at de får både morgensol og kveldsol. Tv med canal digital. Wifi.

Nye i 2019, gode og vinterisolerte hytter - 1 soverom: Flotte hytter med eit soverom og eget bad. Der er familieseng på soverom og god sovesofa i stova. Der er dyner og puter til 5 personer. Velutstyrt kjøkken med dekketøy til 5 personer. Der er komfyr og oppvaskmaskin. Der er store glas som gir ei flott utsikt. Terrasse på to sider. Tv med canal digital og wifi.

Enkle vinterisolerte hytter: Hytter med sengeplass til 4 personer. Hyttene er godt isolerte med varme i golvet. Eit godt alternativ for å kome seg rimeleg til fjells. 30 meter til eit vellutstyrt fellesanlegg. Hyttene har wifi

Enkle små hytter: Koselege små hytter med sengeplass til 4 personer. Hyttene har wifi

Kårhus: Kårhus til leige oppe på garden. Koseleg hus med lyse, trivlege rom. - 10stk. sengeplassar fordelt på 3 rom - Nyleg renovert kjøkken og bad.

Telt

I sommarsesongen kan ein setje opp telt på campingplassen. Dusj, toalett og grovkjøkken finn ein i sanitæranlegget. Tilrettelagt for bålkos

Bubil

God plass til bulbil og campingvogn. Straumuttak.

Sommar

  • Ørretfiske i elva.
  • Mange fine turar i nærmiljøet.
  • 1 km til Myrkdalsvatnet.
  • Du kan gå langs elva frå campingplassen. Ved vatnet finn du eit rikt fugleliv.
  • Bading i elv og vatn.
  • I tillegg til kort veg til Verdsarven er det også fint å ta seg ein tur over fjellet til Vik.

Vinter

  • Alpintanlegg med fantastiske forhold for heile familien. Både barnevenlege løyper og "off piste" løyper for dei meir erfarne.
  • Ljosløype på 5 km.
  • Mange oppkøyrde løyper i nærheit til plassen.

Velkomen til Myrkdalen Camping!

© Myrkdalen Camping
Video
Kontaktopplysninger
Åpningstidstider
  • Bobil/campingvogn: Kun sommersesong
  • Telt: Kun sommersesong
  • Hytte: Hele året
  • Sesongplass: Hele året
Klassifisering
Campingplass: Hytter:
Fakta
  • Campingvogn-plasser: 15
  • Bobilplasser: 15
  • Teltplasser: 30
  • Sesongplasser: 47
  • Hytter: 12
  • WC: 7
  • Dusjer: 4
  • Servanter med varmt vann: 6
Plassering