Gloppen Camping

Gloppen Camping og Fritidssenter er ein familievennleg campingplass med badestrand ved Gloppenfjorden og oppvarma utandørs badebasseng.

Vi har ope heile året og tilrettelagt for rullestol.

Her finner du ferieleiligheter for 2, 4 eller 6 personar, heilårshytter for 3-8 personar og oppstillingsplasser for campingvogner/bobiler.

I resepsjonen finn du kiosk og enkel butikk. Vi sel enkel fastfood som pommes frites, pølse m/brød og pizza.

Gjestane på Gloppen Camping har tilgang til vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, polletar får du kjøpt i resepsjonen. Det er fri bruk av felleskjøkenet. For dei som bur i hytter uten dusj og toalett, har vi to sanitæranlegg som kan nyttast. Til dusjautomaten brukar du tiarar (10kr). Sanitæranlegget er tilrettelagt for rullestol.

På området finn du ein kosleg grillplass, og eit lite grillhus. Ta kontakt med resepsjonen om du ynskjer å bruke grillhytta! I tillegg fins der nokre kulegrillar som kan nyttast.

WiFi er opent for alle og inkludert i prisen for å bu på campingen.

Vi ynskjer å gjere opphaldet så hyggeleg som mogleg, slik at våre gjestar har lyst å kome tilbake.

Hytter

Vi har store heilårs hytter med 1- 3 soverom, kjøken/stove med TV, dusj/wc og altan med utsikt over fjorden. Desse hyttene er fullt utstyrt med det du treng til sjølvhushald, også dyner og puter. Alt etter antal soverom har desse hyttene soveplass til 3-8 personar + 2 personar i sovesofa i stovene. Hyttene er frå 35 - 55m2. 4 av hyttene er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Vi har også hytter i mellomklasse med stove/kjøken med TV og eit separat soverom. Her er nødvendig utstyr til sjølvhushald, dyner/puter og altan med utsikt over fjorden. På desse hyttene er det soveplass til 4 personar + 1-2 personar på sovesofa i stovene. Frå 18 - 24 m2.

Nokre av hyttene er stengde for dyr.

Oppstillingsplassar

Alt i alt har vi omlag 100 oppstillingsplassar med straumuttak. I tillegg har vi ca 20 plassar utan straum. Sjølv om vi har mange caravanar med sesongplass har vi sjeldan måtte avvise gjester. Plassen har eit areal på ca 40 mål.

Teltplass

Fint område til telt inne i furuskogen langs stranda.

Aktiviteter

Badebasseng: Vi har to oppvarma utendørsbasseng, eit på 200m2 og eit barnebasseng på 42m2. Rundt bassenga finn du solsenger og paviljong. 50,- per person for ein heil dag, og 650,- for klippekort med 20 klipp

Strand: Ved sjøen ligg ei fin barnevenleg sandstrand.

Sykkel: I resepsjonen finn du sykkelutleige. Rundt Gloppefjorden fins det mange rolege småvegar å sykle på. Båtutleige: Motorbåt, 150,- per time Robåt, 50,- per time

Trampoline: Besøkande på Gloppen Camping kan fritt bruke trampolina!

Sal av fiskekort til sju ulike soner i Gloppen!

Velkommen til Gloppen Camping!

Kontaktopplysninger
Åpningstider
  • Fullservice-periode: 01.04-30.09
  • Høysesong: 01.06-15.09
  • Bobil/campingvogn: -Hele året
  • Telt: -Hele året
  • Sesongplass: -Hele året
  • Hytte: -Hele året
  • Leilighet: -Hele året
Fakta
  • Antall plasser for både bobil- og vogn: 20
  • Antall teltplasser: 10
  • Sesongplasser: 75
  • Hytter: 15
  • Leiligheter: 5
Plassering
Video

Universell utforming (UU):

Universell utforming gjøres for å utforme samfunnet slik at så mange som mulig kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.

Det er campingplassene selv som har gitt sin egenvurdering av hvor godt campingplassen er tilpasset.

Vi gjør oppmerksom på at kartleggingen ikke sier noe om kvaliteten på campingplassen, kun i hvilken grad de ulike tjenestene er universelt utformet.

UU: Parkering
UU: Inngang resepsjon
UU: Resepsjon
UU: Sanitæranlegg
UU: Gangveier
UU: Hytter, rom og leiligheter
UU: Butikk/kiosk
UU: Serveringstilbud (lokaler)
UU: Serveringstilbud (meny)
UU: Skilting
UU: Tilrettelagt uteområde