Botnen camping

Botnen camping ligg idyllisk til ytterst i Sognefjorden, mellom Oppedal og Rutledal. Frå Bergen er det ca 1,5 time køyring nordover langs E 39, avkøyring ved Instefjord.

Plassen ligg ved sjøen, med svært gode muligheiter for fisking. Det er og mange flotte turstiar i området.

Me har 8 hytter til utleige. 5 hytter på 24 m2 med liggeplass til 4 personar. 3 enkle hytter på 12m2 med liggeplass til 2 +. I tillegg har me eit naust med 5 rom med liggeplass til 2.

Me har 30 plassar for faste campingvonger. Campingplassen har gode oppstillingsplassar for turistar som kjem med bubilar og campingvonger. I tillegg er det gode teltplassar. Alle har tilgang til straumuttak.

I 2014 vart det bygd nytt sanitæranlegg, i tillegg til ny respesjon, enkel butikk og kafe med matservering. Det er og tilgang på felles kjøkken, vaskemaskin, tørketrommel m.m. Campingsplassen har 6 båtar til utleige.

Camping Norway East – West

Botnen Camping er en av campingplassene som er tilknyttet Camping Norway East – West. Dette utgjør en rundreise som kan gi deg noe av det beste som sør-Norge kan by på av naturopplevelser og aktivitetstilbud. Campingplassene ligger i passende dagsetapper, med tid nok til gode stopp for opplevelser underveis.
 

Glamping

Opplev å vakne i ei god seng og lytte til fuglekvitter med flott utsikt over Sognefjorden framom deg. Dette kan du oppleve på Botnen camping i eitt av våre nye glampingtelt med stor terrasse. Sanitæranlegg og kjøkken ligg like ved glampingtelta. Telta er innreidde som eit hotellrom med oppreidd dobbeltseng, og har innlagt straum. I telta er det i tillegg varmeomn, handdukar, teppe på golv, samt stolar og bord som ein også kan ta med ut på terrassen. Telta er plassert slik at du kan nyte solnedgang og soloppgang med flott utsikt til Sognefjorden. Det er og mogleg å kjøpe frukost og enkle måltid på Botnen camping sin kafè.

Attraksjonar og aktivitetar

Botnen Camping er ein hyggeleg stad å vere. Men det er også eit fint utgangspunkt for ulike utflukter og aktivitetar.

Området rundt campingplassen byr på eit flott og variert turterreng med løyper både for nybyrjarar og mosjonistar, men meir erfarne turgåarar vil også finne utfordrande løyper.

Frå Botnen Camping er det mogleg å ta dagsturar til ulike interessante reisemål i området.

Gulatinget ligg i Eivindvik 40 min køyretur får Botnen Camping. Gulatinget var det største lagtinget i Norge frå 900 til 1300. Tinget var lovgjevande, utøvande og dømmande makt, og lovområdet femna heile kysten, samt Hallingdal, Setesdal og Valdres. Gulatingslova er den eldste lova i Norden. I Eivindvik kan du vitje den autentiske tingstaden, der det angliske korset frå 900 talet markerer plassen der Gulatinget først var samla. Her finn du og «Herresalen» der Henrik Wergeland budde då han vitja den legendariske prosten Nils Griis Alstrup Dahl og skreiv diktet «Eivindvik». Meir informasjon finn du her: http://www.gulatinget.no/

Solund er ein øykommune i Sognefjorden. Får Botnen camping kan du ta ferja frå Rutledal til Krakhella i Solund. I Solund kan ein vere med postbåten på øyhopping, der ein og kan ha med sykkel. For meir informasjon, sjå : http://www.solund.info/i-solund/aktivitetar/

Skjerjehamn ligg i Gulen kommune, ca 1 time frå Boten Camping. Dette er ein gamald handelsstad, som var eit kuntepunkt for skipstrafikken på Vestlandet. Den gamle sveitersvillaen frå 1891 er restaurert, og bidreg til at området har ein flott atmosfære i innløpet til Sognefjorden. På Skjerjehamn kan du og sjå statuen av kong Olav V. For meir informasjon sjå; http://www.skjerjehamn.no/

Massnes Vilmarksmuseum ligg på sørsida av Sognefjorden ca 1 time frå Botnen Camping. Her kan ein oppleve dyr frå den norske naturen. Du finn Massnes villmarksmuseum på kartet ved å peike og klikke her.

Fotturar

Søtekollen ligg 557 m over havet. Det er godt merka løype frå Brekke ca 15 min køyring frå Botnen Camping. På Søtekollen får ein utsikt innover og utover over Sognefjorden. For meir info sjå: https://www.ut.no/tur/2.6122/

Yst Taklestølen og Midt Taklestølen  ligg i nærleiken av Botnen Camping. Dette er lette og flotte fjellturar.

Fiske

Botnen Camping er ein kjekk stad å vere for den fiskeinteresserte. Det går an å fiske med stang frå stranda, eller ein kan leige ein av båtane våre og ta ein tur utpå fjorden og prøve fiskelukka der.

Dersom ein heller vil fiske i ferskvatn, er det fleire stader ein kan velge mellom. Vi på Botnen Camping informerer så gjerne om dette. Dei fleste stadene må ein kjøpe fiskekort av grunneigar.

Dersom ein er over 18 år og ynskjer å fiske laks, sjøaure eller sjørøye, må ein i tillegg ha betalt Fiskeravgift. Meir informasjon om dette kan ein finne her : http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Jakt-og-fiske/Fritidsfiske/Fiskeravgift/

Velkommen til Botnen Camping!

Kontaktopplysninger
Åpningstider
  • Åpent: 01.05-30.09
  • Fullservice-periode: 01.06-20.08
  • Høysesong: Juli-August
  • Bobil/campingvogn: -Sommer
  • Telt: -Sommer
  • Hytte: -Sommer
  • Rom: -Sommer
Fakta
  • Antall plasser for campingvogn: 60
  • Antall teltplasser: 30
  • Antall glampingplasser: 3
  • Hytter: 9
  • Leiligheter: 2
Plassering
Video

Universell utforming (UU):

Universell utforming gjøres for å utforme samfunnet slik at så mange som mulig kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.

Det er campingplassene selv som har gitt sin egenvurdering av hvor godt campingplassen er tilpasset.

Vi gjør oppmerksom på at kartleggingen ikke sier noe om kvaliteten på campingplassen, kun i hvilken grad de ulike tjenestene er universelt utformet.

UU: Parkering
UU: Inngang resepsjon
UU: Resepsjon
UU: Sanitæranlegg
UU: Gangveier
UU: Hytter, rom og leiligheter
UU: Butikk/kiosk
UU: Serveringstilbud (lokaler)
UU: Serveringstilbud (meny)
UU: Skilting
UU: Tilrettelagt uteområde