Birkeland Camping

Nyt roa og stillheita ved flotte Aksevatnet, medan du ligg i stolen og ser opp på majestetiske Lifjellet!

Likar du å gå turar? Fjelltrimgruppa i kommunen har merka 17 turar, fleire av dei kan du gå til frå Campingen, blant anna den mest besøkte fjellposten Rossvikheia som ligg 301 m.o.h. Tid frå campingen tur/retur 1 1/2 time, på toppen er det sett opp Geologtavle - her kan du lese om Hyllestad sin spennande geologi.

Likar du lengre fjellturer, er Lifjellet en populær fjelltur. Nokon av turistane som kjem til Campingen, kjem får å ta denne turen. Etter lang fjelltur, trøtt og sliten, kan vi anbefale middag på Sognefjord Hotell som ligg 5 km frå campingen.

Lyst å fiske? Vi har båt ved sjø som kan leigast, eller du kan bruke båt og kano som ligg på campingen. Du kan være heldig å få flott kjø ( Aure )

Eg heiter Mona og driftar Campingen, medhjelparane minne heiter Kenneth og Geir.

Turforslag

 

Diskgolfbane

Håukås diskgolfbane er en nybegynnervennlig 10-hols bane med korte og varierte hol og eit langt åpent hol. Parkeringa er markert på banekartet og første utkast er rett ved parkeringa. Utlånasdiska er tilgjengelig på stedet.

For mer informasjon:

 

Hytter

Vi har fem campinghytter med enkel standard, 4 køyer, kjøleskåp og dusj og toalett i sanitærbygg vegg i vegg. Robåt og kano er inkludert i prisen. Om du er interessert kan du få leige båt i Hyllestadfjorden. Treng du sengeklede kan du få leige. Avstanden til næraste butikk er fem kilometer. Frå Bergen kan du ta ekspressbåt (2,5 timar) eller køyre (2,5 timar).

Historie

Birkeland Camping vart starta i 1968 av Gunvor (Gulli) og Bjarne Hansen. Dei overtok plassen frå naboen som ikkje hadde lyst å drive lenger. Campingplassen vart eit fint tilskot til gardsdrifta i den tida det var minst mjølk. Først bygde dei sanitærbygg og to campinghytter. Dei første åra var det mest teltturistar frå Norge og dei andre nordiske landa. Etterkvart kom Kombicampen og folk kunne sove over bakkenivå. Det vart status med Kombicamp.

Utover på åttitalet auka etterspurnaden etter campinghytter, og dei bygde ei hytte til. I dag kjem turistane frå heile Europa både med bubilar og på sykkel. Syklistane skal nordover, anten til Trondheim eller vidare til Nordkapp. Dei er nøgde berre dei får seg ein varm dusj og ei seng. Fiske i vatn og sjø har alltid vore populære aktivitetar. Turistane set stor pris på den fine naturen, roturar på vatnet, fjellturar og stilla. Dei som er interesserte i fjellklatring kan boltre seg i fjellveggen på Foss i Leirvik. Fleire kjem attende år etter år og har vorte gode vener av heile familien.

Velkommen til Birkeland Camping!

Kontaktopplysninger
Åpningstider
  • Åpent: 01.05-01.10
  • Høysesong: Juli
  • Bobil/campingvogn: -Sommer
  • Telt: -Sommer
  • Hytte: -Sommer
Fakta
  • Antall plasser for bobil: 10
  • Antall teltplasser: 30
  • Hytter: 4
  • Leiligheter: 1
Plassering
Video

Universell utforming (UU):

Universell utforming gjøres for å utforme samfunnet slik at så mange som mulig kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.

Det er campingplassene selv som har gitt sin egenvurdering av hvor godt campingplassen er tilpasset.

Vi gjør oppmerksom på at kartleggingen ikke sier noe om kvaliteten på campingplassen, kun i hvilken grad de ulike tjenestene er universelt utformet.

UU: Parkering
UU: Inngang resepsjon
UU: Resepsjon
UU: Sanitæranlegg
UU: Gangveier
UU: Hytter, rom og leiligheter
UU: Butikk/kiosk
UU: Serveringstilbud (lokaler)
UU: Serveringstilbud (meny)
UU: Skilting
UU: Tilrettelagt uteområde