Beskrivelse
Ingen stemmer til nå

Sølvgarden Hotell og Feriesenter

Sølvgarden ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Her kan du slappe av i rolege omgjevnader, nyte flott natur, oppleve kultur og tradisjonar. Vi ligg i sentrum av tettstaden Rysstad, rett ved elva Otra, der du kan fiske, bade og padle.

Hotellet er klassifisert av RBL til 4 stjerner, og camping er klassifisert til 5 stjerner.

Sølvgarden tilbyr overnatting og opphald slik du vil ha det. Hotell og motell med enkeltrom, dobbeltrom eller familierom. Til heilt spesielle anledningar er Tårnsuita det som set prikken over i-en. Vel mellom store eller små hytter. Har du campingvogn eller bubil, står oppkopling til elektrisk straum og TV klart. Og for deg som syns det er hyggeleg å liggje i telt, tilbyr vi 5-stjerners campingplass. Til dette tilbodet høyrer eit topp moderne sanitæranlegg.

Restauranten

Restauranten er open kvar dag, og serverer ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Me legg stor vekt på mat med rot i norske mattradisjonar og kortreist mat. God mat gjer seg ikkje sjølv, det krev gode råvarer og kjærleik til faget. Sølvgarden sin restaurant har på kort tid vorte eit populært tilbod så vel blant bygdefolk som tilreisande.

Opplevingar

Sølvgarden Hotell & Feriesenter ligg ved Otra, der du kan fiske, bade og padle. Vi leiger ut kano, båt / sykkelbåt og syklar. Du kan også besøke sylvverkstaden vår, og sjå korleis bunadsylv blir til.

Setesdalsheiane er flotte for den som likar fotturar i skog og fjell. Vi ligg midt i Setesdal med mange aktivitetar innenfor 1 time. På Hovden finn du badeland og spa, og på Evje er det både klatreskog, Mineralpark og TrollAktiv med blant anna rafting som ein av aktivitetane.

Camping og hytter

Har du campingvogn eller bubil, står oppkopling til elektrisk straum og TV klar. Til dette tilbodet høyrer eit topp moderne sanitæranlegg. Campingen har 50 oppstillingsplassar, og i tillegg deler hekkar opp området i mindre parsellar. Dei som vil ha det ekstra komfortabelt kan få "camping exclusive". Det er store campingparsellar, avgrensa med hekk. Ønsker du best mulig komfort på ferien er dette eit naturleg val. Vi har også vintercamp, med kort avstand til skieventyret i Brokke.

I tillegg kan du som gjest leie ditt eige baderom under opphaldet som ingen andre brukar. Familiar med små born finn eigne bad som er tilpassa små gjester med vask og dusj i rett høyde og eige barnetoalett!

Og campingen har eiga sandstrand, leikeplass og utegrillar.

Appartmenthytter

Hyttene ligg idyllisk til ved elva Otra, der du kan bade, fiske og padle. Hyttene er utstyrte med alt du treng og kan fåast i forskjellige størrelsar. Alle hyttene har Tv, wc og dusj, og er nyoppussa våren 2014.

Små hytter

Vi har og enkle campinghytter for dei som ønskjer eit enklare og rimelegare alternativ. Hyttane har senger, bord og stolar, kjøleskåp og kokeplate. Prisane inkluderer fri bruk av det 5 - stjerners sanitæranlegget vårt.

Hotellrommene

Sølvgarden Hotell er klassifisert til 4 stjerner og tilbyr lyse og moderne rom med gratis internett, tv og eige bad med dusj.Vi har enkeltrom, dobbeltrom og romslege familierom. Flere av romma har balkong.

MotellRom

Motellromma har plass for inntil 4 personer. Dette er perfekt for familiar med barn. Kvart rom har Tv, minibar, eige bad med dusj og uteplass.

Velkommen til Sølvgarden Hotell og Feriesenter!

Video
Kontaktopplysninger
Åpningstidstider
  • Høysesong: 01.06-31.08
  • Bobil/campingvogn: Hele året
  • Telt: Kun sommersesong
  • Hytte: Hele året
  • Rom: Hele året
  • Sesongplass: Hele året
Klassifisering
Campingplass: Hytter:
Fakta
  • Campingvogn-plasser: 20
  • Bobilplasser: 20
  • Teltplasser: 50
  • Sesongplasser: 10
  • Hytter: 17
  • Rom: 28
  • Badrom tilpasset funksjonshemmede: 1
  • WC: 11
  • Dusjer: 6
  • Familierom: 2
  • Servanter med varmt vann: 12
Plassering